|
|
|
Kva skal sida brukast til? |
|
|
|
|
mandag 19. januar 2009 21:01 |
|
Altforjelsa.com er ikkje akkurat den mest trafikkerte nettsida som finst. Besøksstatistikken for sidene viser relativt låge tal, og det gjer at me må vurdera om me skal fortsetja med altforjelsa.com. Kva kan gjerast for å få sidene til å bli meir interessant for folk flest? Kva funksjonar og innhald er det ein vil ha? |
|
Sist oppdatert ( mandag 19. januar 2009 21:01 )
|
|
Les mer …
|
|
søndag 02. november 2008 12:17 |
|
Arbeidet med utvidinga av Svehaugane er godt i gong. Foreløpig er det skogen som har fått gjennomgå, men innan kort tid inntar gravemaskinane plassen og startar med opparbeiding av vegar og tomter. 
|
|
Sist oppdatert ( lørdag 01. november 2008 22:52 )
|
|
|
lørdag 20. desember 2008 13:56 |
|
Mandag 29. desember 2008 klokka 17 går den tradisjonsrike Julefettcupen av stabelen i gymsalen på Jelsa skule. Cupen er av det meir spesielle slaget, då det er påmelding av enkeltspelarar i staden for lag. Laga blir sett saman, meir eller mindre tilfeldig, av arrangørane. Det er 3 spelarar på kvart lag, og ingen krav til stor erfaring for å bli med. Så lenge du går i ungdomsskulen eller er eldre, er du hjartans velkommen til å spela. I tillegg vil me fleske til med tilbod som Xbox på storskjerm, kiosksal, drøs og live bildeoverføring frå gymsalen for dei som ikkje speler. Det er altså ingen grunn til å ikkje komma på Julefettcupen i år. Påmelding kan skje til Guggedal på 52 79 67 46 eller Nessa på 52 79 68 81 innan 28. desember. Velkommen! |
|
Hackeangrep på altforjelsa.com |
|
|
|
|
søndag 14. september 2008 16:39 |
|
Som kanskje nokon har lagt merke til, har sidene i det siste vore litt nede for telling. Grunnen er at me blei utsett for eit hackeangrep frå Tyrkia og Tyskland av alle stader. Det er ikkje godt å seia kva tyrkarane ville oppnå, men etter det me kan kalla elektroniske spor ser det ut som angrepet var tilfeldig og gjennomførbart på grunn av ein feil i kildekoden. Feilen skal no vera retta opp og systemet er igjen oppe og går. Dessverre er alle brukarane som var registrerte blitt sletta, slik at ein må registrere seg på nytt. Me oppmodar forsatt fleire til å bidra med stoff til sidene slik at aktiviteten og verdien av sidene kan få ein oppsving! |
|
Sist oppdatert ( lørdag 01. november 2008 21:58 )
|
|
|
|
|
|
|
Side 1 av 4 |