Hjem
Velkommen til forsiden
JELSA - IDYLL 2008 PDF Skriv ut E-post
fredag 01. august 2008 18:59

Litt over klokka 17 idag vart det klart at Jelsa går av med seieren i tevlinga om å vera den mest idylliske staden i Rogaland! Jelsa har heile dagen hatt eit lite overtak på finalekonkurrent Nedstrand, men siste timen strøymde det inn med stemmer til begge stadene. Likevel klarte me å auka ledelsen, og til slutt vinna med om lag 400 stemmer. Totalt fekk Jelsa 10 600, medan Nedstrand fekk 10 227 SMS-stemmer.

 

Seieren vart feira med jubel og elektrisk stemning på Noresjøen når NRK sine utsende kom i land. Ifølge nettsidene til NRK Rogaland var det mellom 200 og 300 som møtte opp. Du kan sjå NRK sitt innslag på lokalnyhetene ved å følge denne lenka.

 

Me håpar at denne kåringa kan hjelpa bygda vår å trekka endå fleire tilflyttarar og turistar i tida som kjem. Jelsa har fått glimrande reklame både på radio og TV den siste veka, og bygda har svart med å visa seg frå si beste side med enormt engasjement og positiv stemning i finveret.

 

Samtidig håpar me at fleire vil bidra til å profilera bygda og tilboda som finst her på desse sidene slik at fleire får veta om denne fantastiske bygda vår. Har du bilder frå feiringa i dag, hadde det vore flott dersom du sende dei inn slik at me kan legga dei ut her!

Takk til alle som stemte på Jelsa, og gratulerer med dagen!

Sist oppdatert ( søndag 14. september 2008 16:39 )
 
Siste innspurt i Idyll 2008 PDF Skriv ut E-post
tirsdag 29. juli 2008 19:03

I morgon, fredag, er siste dag for å avgi stemme i konkurransen om kva som er den mest idylliske sommarstaden i Rogaland. Finalen er mellom vår nydelige bygd Jelsa og Nedstrand. Så langt er det avgitt over 5000 stemmer, men det er likevel så jevnt at det kan tippa begge veier til slutt. Me oppfordrar sjølvsagt til å senda inn stemmer i favør Jelsa heile fredagen.

Stem på Jelsa ved å senda SMS: "Lokalen Jelsa" til 1987, sjølvsagt utan hermeteikna.

Sjå artikkel hjå NRK Rogaland.

Sist oppdatert ( torsdag 31. juli 2008 19:48 )
 
BÃ¥nn gass for Jelsa? PDF Skriv ut E-post
søndag 22. juni 2008 16:02

Altforjelsa.com er meint som ein stad der folk kan gå inn og sjå kva som skjer på Jelsa og omegn, i form av bilder frå ymse arrangement, artiklar om ting som skjer, omtalar av arrangement og relevant informasjon. For å nå ut til flest mulig, er det beste å ha flest mulig med på å forme innhaldet. Som registrert brukar på altforjelsa.com kan du skriva artiklar, legga ut bilder og legga ut informasjon om arrangement som kjem. Du kan også bidra til å utvikla sidene vidare. Kom gjerne med tips om funksjonar og element me burde ha med på sidene!

Alle som har lyst til å bidra, kan registrera seg ved å trykke på "Ny brukar?" i hovudmenyen til venstre. Alt som skal til er å fylle ut navn, ønska brukarnavn, passord og e-post. Deretter får du ein e-post der du må bekrefta registreringa ved å trykka på linken som følger med. Så er du i gong.

Det er ikkje store krav til innhald i det som blir publisert, så lenge det har ein viss relevans med visjonen bak sidene og held seg innanfor rammene av normal folkeskikk. Forslag til ting å publisere kan vera omtalar av arrangement, bildeseriar, turtips (med bilder?), artiklar om Jelsa og Suldal for øvrig eller det du måtte ønska.

Velkommen som bidragsytar!

Sist oppdatert ( lørdag 01. november 2008 22:02 )
 
Jelsa i "Idyll 2008"-finalen PDF Skriv ut E-post
onsdag 23. juli 2008 21:01

NRK Rogaland har i sommar spurt sine lyttarar kva som er den mest idylliske staden i Rogaland. Jelsa var sist veke i semifinale mot Helgøysund, der vår kjære bygd vann med 900 mot 600 stemmer. I finalen er det Nedstrand som skal slåast. Finalen startar mandag 28. juli i morgonlokalen på P1 og varer heile veka fram til og med Fredag. For å stemme på vakre Jelsa, sender du Lokalen Jelsa til 1987. Enn om Jelsa er klår favoritt vil me oppmode alle til å slå seg laus på mobilen heile veka. Me ynskjer den vene bygda vår lukke til!

Sist oppdatert ( tirsdag 29. juli 2008 19:04 )
 
Avslutningsfest for Herleiv Haugland PDF Skriv ut E-post
søndag 15. juni 2008 18:17
Avslutningsfest for rektor Herleiv Haugland tysdag 17. juni kl. 18.30 på skulen. Herleiv blir pensjonist 1. aug. Kom til Jelsa i 1964 og har vore på skulen i over 40 år.
Det blir laga til varme grillar på skulen, og folk kan ta med seg grillmat og det dei vil drikka. Etterpå blir det servert kaffi og kaker.
Me har litt program, men det er kjekt om nokon har noko dei vil bidra med.
 
«StartForrige1234NesteSiste»

Side 2 av 4
Kopirett © 2010 Altforjelsa.com - Ei side for og om Jelsa. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Spørreundersøking

Skal me fortsatt ha Altforjelsa.com ?
 

Søk

Véret på Jelsa

 

Tilfeldig bilde