|
søndag 22. juni 2008 16:02 |
|
Altforjelsa.com er meint som ein stad der folk kan gå inn og sjå kva som skjer på Jelsa og omegn, i form av bilder frå ymse arrangement, artiklar om ting som skjer, omtalar av arrangement og relevant informasjon. For å nå ut til flest mulig, er det beste å ha flest mulig med på å forme innhaldet. Som registrert brukar på altforjelsa.com kan du skriva artiklar, legga ut bilder og legga ut informasjon om arrangement som kjem. Du kan også bidra til å utvikla sidene vidare. Kom gjerne med tips om funksjonar og element me burde ha med på sidene! Alle som har lyst til å bidra, kan registrera seg ved å trykke på "Ny brukar?" i hovudmenyen til venstre. Alt som skal til er å fylle ut navn, ønska brukarnavn, passord og e-post. Deretter får du ein e-post der du må bekrefta registreringa ved å trykka på linken som følger med. Så er du i gong. Det er ikkje store krav til innhald i det som blir publisert, så lenge det har ein viss relevans med visjonen bak sidene og held seg innanfor rammene av normal folkeskikk. Forslag til ting å publisere kan vera omtalar av arrangement, bildeseriar, turtips (med bilder?), artiklar om Jelsa og Suldal for øvrig eller det du måtte ønska. Velkommen som bidragsytar!
|
|
Sist oppdatert ( lørdag 01. november 2008 22:02 )
|