|
Kva skal sida brukast til? |
|
|
|
|
mandag 19. januar 2009 21:01 |
|
Altforjelsa.com er ikkje akkurat den mest trafikkerte nettsida som finst. Besøksstatistikken for sidene viser relativt låge tal, og det gjer at me må vurdera om me skal fortsetja med altforjelsa.com. Kva kan gjerast for å få sidene til å bli meir interessant for folk flest? Kva funksjonar og innhald er det ein vil ha?
Tanken bak sidene er at me tilbyr ein plattform, der kven som helst kan bidra med det dei vil. Det er berre å registrere seg som brukar, så får ein tilgong til å skriva artiklar, legga ut bilde, legga ut info om arrangement og det ein elles måtte ha lyst til å produsera, innanfor visse sjølvsagte grenser. Systemet er enkelt å bruka, og me vil sjølvsagt hjelpa om det skulle oppstå problem. Dersom fleire bidreg med det dei trur andre vil ha, vil aktiviteten og nytteverdien av sidene skal ta seg opp. Bruk kommentarfeltet til å komma med innspel til vege vidare!
|
|
Sist oppdatert ( mandag 19. januar 2009 21:01 )
|