JELSA - IDYLL 2008 Skriv ut
fredag 01. august 2008 18:59

Litt over klokka 17 idag vart det klart at Jelsa går av med seieren i tevlinga om å vera den mest idylliske staden i Rogaland! Jelsa har heile dagen hatt eit lite overtak på finalekonkurrent Nedstrand, men siste timen strøymde det inn med stemmer til begge stadene. Likevel klarte me å auka ledelsen, og til slutt vinna med om lag 400 stemmer. Totalt fekk Jelsa 10 600, medan Nedstrand fekk 10 227 SMS-stemmer.

 

Seieren vart feira med jubel og elektrisk stemning på Noresjøen når NRK sine utsende kom i land. Ifølge nettsidene til NRK Rogaland var det mellom 200 og 300 som møtte opp. Du kan sjå NRK sitt innslag på lokalnyhetene ved å følge denne lenka.

 

Me håpar at denne kåringa kan hjelpa bygda vår å trekka endå fleire tilflyttarar og turistar i tida som kjem. Jelsa har fått glimrande reklame både på radio og TV den siste veka, og bygda har svart med å visa seg frå si beste side med enormt engasjement og positiv stemning i finveret.

 

Samtidig håpar me at fleire vil bidra til å profilera bygda og tilboda som finst her på desse sidene slik at fleire får veta om denne fantastiske bygda vår. Har du bilder frå feiringa i dag, hadde det vore flott dersom du sende dei inn slik at me kan legga dei ut her!

Takk til alle som stemte på Jelsa, og gratulerer med dagen!

Kommentarer
Legg til Sřk
+/-
Skriv kommentar
Navn:
Email:
 
Website:
Tittel:
UBBKode:
[b] [i] [u] [url] [quote] [code] [img] 
 
 

3.20 Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert ( søndag 14. september 2008 16:39 )