| Julefettcupen 2008 |
|
| lørdag 20. desember 2008 13:56 | |||||||
|
Mandag 29. desember 2008 klokka 17 går den tradisjonsrike Julefettcupen av stabelen i gymsalen på Jelsa skule. Cupen er av det meir spesielle slaget, då det er påmelding av enkeltspelarar i staden for lag. Laga blir sett saman, meir eller mindre tilfeldig, av arrangørane. Det er 3 spelarar på kvart lag, og ingen krav til stor erfaring for å bli med. Så lenge du går i ungdomsskulen eller er eldre, er du hjartans velkommen til å spela. I tillegg vil me fleske til med tilbod som Xbox på storskjerm, kiosksal, drøs og live bildeoverføring frå gymsalen for dei som ikkje speler. Det er altså ingen grunn til å ikkje komma på Julefettcupen i år. Påmelding kan skje til Guggedal på 52 79 67 46 eller Nessa på 52 79 68 81 innan 28. desember. Velkommen!
Powered by !JoomlaComment 3.20
3.20 Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved." |
|||||||